Locobase Repair

Like sikkert som at kulden kjem snikande i løpet av vinteren, er det at eg får kuldeeksem på hendene, spesielt på venstrehanda.

For ei stund sidan blei eg Buzzador. Som Buzzador får eg muligheita til å prøve nye produkt og tenester, som eg skal fortelle om til vennar og kjente!

Denne Buzzador-runda ga meg muligheita til å prøve kremen Locobase Repair, som skal vere spesielt god for problemhud. Samtidig fekk eg 10 mindre tuber som eg har delt ut til vennar og familie. Eg har fortsatt igjen nokre, så om nokon vil ha, er det berre å gi eit vink!


Produktbilde

Litt fakta om Locobase Repair
• Fettinnhold: 63%, herunder spesielle barrierefettstoffer som ceramid, kolestrol og frie fettsyrer.
• Direkte effekt ved påføring, varer opptil 24 timer.
• Fri fra parfyme, parabener og fargestoffer.
• Kremen tilfører naturlige barrierefettstoffer som trenger inn i huden.
• Bra tillegg til utvortes eksembehandling.
• Har dokumentert svært lavt potential for hudirritasjon.
• Også for personer med eksem eller svært sensitiv hud.
• Kan kjøpes på de fleste apotek.

No har november og desember i år vore forholdsvis milde, så kuldeeksemen har ikkje slått til så ille som den kan gjere på meg. Men eg har prøvd å bruke kremen nærast dagleg på dei mest utsatte områda, og når eg har fått utslett/tørr hud ein plass på kroppen, har eg brukt kremen 2-3 gongar pr dag på det området.

Det er heilt klart at kremen har ordet “Repair” i tittelen sin med rette. Eg trur også at med å bruke den dagleg på hendene har eg klart å holde den verste eksemen unna. Men det gjenstår egentlig å sjå etterkvart som minusgradene gjer seg gjeldande på nyåret, regnar eg med.

Ulempa med kremen er at den er forholdsvis feitt, slik at det tek tid før den trekk inn i huda. Det er sjølvsagt eit pluss i forhold til virkninga, men det kan vere litt “knotete” å ha “kremhand”. Men den positive effekten veg opp for det!

Alt i alt, ein krem som vil vere fast i heimeapoteket vårt framover!

Comments are closed.