Halloween vs julebukk

I desse dagar er det mange som ytrar meiningar på Facebook og andre stadar om Halloween, og blant anna er det danna ei Facebook-side som heiter noko slikt som “Nei til Halloween, ja til julebukk”. Eg er nok der at eg tenker; “Kvifor anten eller?” Eg likar Ole Brumm, og seier heller “Jatakk, begge deler”.

Her i bygda har vi valgt å arrangere Halloween-disko for borna i bygda. Med andre ord oppfordrar vi vel til at borna skal delta i Halloween. Vi kan like det eller ei, men Halloween har komt for å bli, sjølv om det ikkje er ein gamal norsk tradisjon.

Då tenker eg at det er bedre at borna får eit naturleg og sunt forhold til Halloween, at dei veit dei skal oppføre seg fint og at “knep” ikkje skal vere noko alvorleg. Etter dei er ferdig å gå Halloween, kan dei samlast på barnediskoen – og danse av seg litt av energien. (No blei rett nok diskoen på fredag, nokon går nok på torsdag også, men…)

Eg syns det er kosleg å sjå borna ute. Og dei yngste er ute saman med voksne, det er også kosleg å sjå. Tenk over det – det er ikkje ofte vi ser borna ute på ettermiddag/kveld no. Det er så mange fristelsar innandørs. Og dei voksne har det så travelt med sitt…

Når eg var mindre, gikk vi alltid julebukk i romjula. Eg skulle gjerne hatt eit av bilda av oss her som illustrasjon no. Det var kosleg det altså. Men det er ikkje alle borna som likar å synge fram for voksne. Dei som gjer det, må no gjerne bli oppfordra til å gå julebukk av foreldra – men det treng ikkje om å ta vekk Halloween-tradisjonen likevel, vel?

Godteskåla er iallfall klar her i huset, så då gjenstår det berre å ønske alle ein fin Halloween-kveld!

Bilda er lånt herfrå og herfrå.

One thought on “Halloween vs julebukk