Då KORK kom til bygda

For tida er det full fart på jobb. Vi er heldige som har prosjekt som viser att, både i media og i form av at det skjer mykje som mange får vere med på. Og eg kan også fortelle om det, så derfor – eit lite innblikk i arbeidskvardagen no!

Eit av prosjekta som no opptek mykje av tida vår på jobb, er “Då KORK kom til bygda, Ulstein og Ørsta”.

“Då KORK kom til bygda” er ein familievennleg TV-serie om korleis nokre utvalde musikalske talent førebur seg til å spele i lag med KORK (Kringkastingsorkesteret), og korleis bygda førebur sjølve konserten.

TV-serien som skal på lufta i beste sendetid på NRK1 laurdagar til hausten besøker i tillegg til Ulstein og Ørsta, stadane Modum i Buskerud, Bardu i Troms, Egersund/Dalane i Rogaland og Kvam i Hardanger.
Dei ulike stadane får eigen programleiar. I Ulstein og Ørsta er det Ingrid Gjessing Linhave som har oppdraget.
Innspelinga av programmet frå våre kommunar startar søndag 18.mai og vert avslutta med sjølve konserten i Hareidhallen laurdag 24.mai. 

Her kan de lese pressemelding om arrangementet.


Nokre av oss som lokalt jobbar med KORK-veka.

Dette blir stas! Vil du vere med på dugnadslaget? Gi oss eit vink!

Lik også gjerne Facebook-sida “Då KORK kom til bygda, Ulstein og Ørsta”.

Comments are closed.