Hurra for TINE

For nokre dagar sidan kjøpte eg meg ein Go’morgen-yoghurt. Poenget med å velje ein Go’morgen-yoghurt framfor ein vanleg, er sjølvsagt müslien. Blei derfor litt skuffa og snurt når eg opna yoghurten, og der var knapt halvfult med müsli…

2013-10-23 09.21.48

Sidan eg sat attme pc’en, fann eg ut eg skulle sjekke nettsida til Tine, for å sjå om der var ein enkel måte å sende reklamasjon på. Det var der. Så eg sendte ein liten epost til dei, med det “store” problemet mitt ;)

2013-10-23 09.22.31

For eit par dagar sidan fekk eg svar; det var heilt klart ein feil, dei takka for eg tok kontakt, og som plaster på såra, fekk eg overført eit beløp på konto nok til nokre nye yoghurtar!

Så – hurra for TINE! Eg skal ikkje slutte å kjøpe Go’morgen!

Comments are closed.