Pippi forsov seg

2015-04-08 16.59.11

I dag tidleg forsov Pippi seg.

Som regel sit ho trufast ved soveromsdøra når eg står opp, kvar morgon. Vår faste rutine. Bjørk står som regel ikkje opp før etter eg kjem frå badet. Pippi får litt kos, blir med på badet, vi pratar og leikar litt med vatn (!), ho pratar vidare medan eg ordnar meg. Så klagar ho litt, for ho får for lite kos, og eg klappar og klør etter beste evne. Godkjent.

Men i dag tidleg forsov ho seg altså, og Bjørk var “morgonfuglen”. Dermed “sneik” Bjørk seg med på badet, og vi hadde ei god pratestund. Etterkvart kom Pippi tuslande, forlangte kos, men ikkje noko meir. Kanskje ho syns det var Bjørk sin tur i dag, og forsov seg med vilje?

God laurdag, til to- og firbeinte!

Comments are closed.