Godt nytt år!

Då skriv vi 1. januar 2017, og det er tid for å ynskje godt nytt år til familie, vennar og kjente – og alle andre!

bålgjengen

Vi har vore i Ulsteinvik å sett på fyrverkeri betalt av spleiselag i dag, og det var rett og slett fantastisk flott! Det er kulturkontoret som har stått føre organisering med innsamling av midlar og bestilt pyroteknikar. Svært vellukka. Saman med Frivilligsentralen stilte vi med gløgg og bålpanner til dei frammøte på Vikholmen.

Eg filma fyrverkeriet med mobilkamera. Det vert sjølvsagt ikkje det same som live, men det viser no litt av det.

Filminga blei delt i to, då eg kom på etter ei lita stund at eg kunne dele det på Facebook, og avslutta då den første filmen.

Her kan du sjå dei to filmane, om du vil.

Comments are closed.